Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Bandtvang frå 1. april

Bandtvang betyr at hundar skal vere inngjerda, innestengt eller i band frå og med 1. april til og med 20. august. Jf. hundelovens § 6.

Bandtvang er laga for å beskytte andre dyreartar - for å hindre at hundar skadar andre dyr som storfe, sau, geit, fjærfe, rein, hest og vilt. Reglane om bandtvang er ikkje innført for å beskytte folk som ikkje vil treffe lause dyr. 

Bandtvangen gjeld i heile landet.

I enkelte kommunar kan det vere innført utvida bandtvang i begrensa tidsrom og begrensa område ved ekstraordinære behov. Utvida bandtvang kan ikkje bli innført generelt. Det går fram av loven at dette ikkje skal skje i større grad enn nødvendig og slik at ein ivaretek hundeeigars ynskje.

Brot på bandtvangreglane kan bli straffa med bøter.
Bandtvang

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk