Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Brøyting av kommunale vegar og plassar

Vi takkar for alle innspel som har kome inn i forhold til snobrøytinga i vinter!

Det har vore noko avvik frå vår standard på nokre område. Dette skuldast anna prioritering, uavklara grensesnitt mot Statens Vegvesen, forskjellige krav og noko sviktande kommunikasjon internt og eksternt. Vi har gått igjennom rutinar og kvalitetskrav, og justera der vi meiner det er naudsynt, for å forbetre dette. 

Vi har også avklara med Statens Vegvesen i forhold til ansvar for brøyting ved kryss på gang- og sykkelvegen. Det er Statens Vegvesen som har ansvaret for brøyting av sjølve gang- og sykkelvegen langs fv. 355. Vedlikehaldsansvar for stikkvegar har den som er brukar eller eigar av ein eigedom (veg) heilt ut til kvitstripa på fv. 355, jf. Veglova. «Veghiearkiet» er slik at fylkesveg står over kommunalveg, og kommunalveg står over privatveg. Det vil seie at sno kan bli brøyta frå fylkesveg og inn på kommunalveg og sno frå kommunalveg kan bli brøyta inn på privat veg. Så er det vegeigar/-brukar som må take snoen vidare ut av vegen.

For Fyresdal kommune gjeld også dette:

Minimum snomengde før brøytinga tek til skal vere 8 cm. Maksimum snomengde før brøytinga tek til skal ikkje overstige 12 cm. Tilsvarande krav for fortau er 3 cm og 8 cm. 

Innspel på brøyting – og eventuelt anna de tenker på – må de sende på e-post til postmottak@fyresdal.kommune.no.

Brøyting

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk