Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Delar du brønn med naboen?

Nå skal alle små vantforsyningssystem registrerast

Innan 1. juli 2018 skal alle vatnforsyningssystem vere registrert hos Mattilsynet. Dette gjeld også dei som er små, til dømes ein brønn som forsyner to hus med drikkevatn. Meir informasjon og lenke til registreringsskjemaet finn du på mattilsynet.no

Registreringa kan gjerast enkelt frå mobiltelefonen

Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt mobiltilpassa skjema til formålet. I skjemaet registrerer du vatnforsyningssystemets plassering ved å markere staden i eit kart, og det er kun nokre få tilleggsspørsmål som skal svarast på. 

Mange fordelar med å registrere vatnforsyningssystemet

Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vatnforsyningssystema kan vi bruke denne informasjonen i vårt arbeid. Ei slik oversikt kan til dømes vere uunnverleg når kommunen legg planar for bruken av areala rundt brønnen og brønnområdet. Oversikten gjer det mogleg for oss å vurdere omsyn til drikkevatnskjeldene på eit tidleg tidspunkt. 

Drikkevatnet skal vere trygt – også frå små vatnforsyningssystem

I januar 2017 kom ei ny drikkevatnsforskrift, som satte tydelegare krav til trygt drikkevatn også frå små vatnforsyningssystem. Kravet om at alle vatnforsyningssystem skal vere registrert står i drikkevatnsforskrifta § 17. Ein presis definisjon av kva eit vatnforsyningssystem er, kan du lese i drikkevatnsforskrifta § 3, bokstav k. Informasjon til dei minste vatnforsyningssystema gjev nyttig informasjon som er spesielt berekna for små vatnforsyningssystem.

Har du spørsmål til registreringa? Ta kontakt med Mattilsynets sentralbord på 22 40 00 00, og spør om å få snakke med di lokale avdeling.

Brønn

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk