Digital kommuneinformasjon
Vi viser til "Økonomiplan 2018-2021 og budsjett 2018" der måla for 2018 i sektor for økonomi og fellestenester mellom anna er å "Utvikle heimesida og kommuneinformasjonen digitalt".
Ikkje lengre utsending til alle husstandane
Kommuneinformasjonen vil frå og med juli månad 2018 ikkje bli sendt ut til alle husstandane i Fyresdal kommune.
Abonnere på den eller hente deg eit eksemplar på biblioteket?
For dei som framleis ynskjer å få kommuneinformasjonen i postkassa, er det mogleg å abonnere på den. Ta kontakt med sentralbordet på telefon 35 06 71 00 for meir informasjon.
I tillegg kjem Fyresdal kommune til å trykke opp nokre kommuneinformasjonar og leggje i sentralbordet i næringshagen, på aktivitetsavdelinga på POS, på biblioteket og på turistinformasjonen, i tillegg til at heimesjukepleia vil ha ei bunke tilgjengeleg.
Flip mag – bladbart magasin
Kommuneinformasjonane ligg, som før, på heimesida til kommunen, men nå som bladbare magasin og ikkje som vanleg Pdf.