Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Drikkevasstudien

Har du fått invitasjon til Drikkevasstudien? 

Folkehelseinstituttet har sendt ut 56 000 invitasjonar til helie landet, og voner at du tar deg tid til å vere med! Dei treng nemleg DI hjelp til å finne ut kor mange som blir sjuke av drikkevatnet i Noreg kvart år. 

Kor ofte fører bakteriar, virus og parasittar i drikkevatnet til magesjuke? Folkehelseinstituttet inviterer no 56 000 personar over heile landet til å delta i ei ny undersøking. Også innbyggarane i Fyresdal kommune er inviterte. 

I Noreg har vi svært godt og trygt drikkevatn. Likevel får enkelte magesjuke av drikkevatnet – med forbigåande symptom som diaré, kvalme og oppkast. Sidan dei færraste går til lege for dette, veit vi ikkje kor mange som vert sjuke av drikkevatnet. For første gong skal Folkehelseinstituttet kartleggje omfanget. 

Berre for husstandar som får vatn frå vassverk

Prosjektet skal gjennomførast i perioden frå 2018 til 2020. På vegne av Folkehelseinstituttet vil Norsk Gallup i mars ringe opp enkeltpersonar og spørje om dei vil delta i undersøkinga. Berre personar som får vatn frå eit vassverk som forsyner minst 20 husstandar med vatn, vil bli kontakta. Husstandar som får vatn frå mindre vassverk eller frå eigen brønn, er ikkje med i studien.

– Vi treng kunnskap om kor mange som vert sjuke av drikkevatnet, derfor oppfordrar vi alle inviterte til å delta. Kunnskapen er viktig for å sikre eit godt og trygt drikkevatn i framtida, seier forskar og prosjektleiar Camilla Svendsen i Folkehelseinstituttet. 

Sjukdomsutbrot kvart år

Bakteriar, virus eller parasittar i drikkevatnet fører kvart år til sjukdomsutbrot, der fleire personar er ramma, og til sjukdom hos enkeltpersonar. Årsaka kan til dømes vere svikt i vassbehandlinga hos vassverket eller at vatnet blir forureina på vegen frå vassverket til vasskrana heime hos folk. Store delar av leidningsnettet i Noreg er i dårleg forfatning, noko som aukar risikoen for at drikkevatnet vert forureina med sjukdomsframkallande mikrobar.

– Smitte i drikkevatnet gir oftast ufarleg og forbigåande magesjuke, og dei færraste kontaktar lege. Hittil har det difor ikkje vore mogleg å fastslå kor mange som vert sjuke av drikkevatnet i Noreg, seier Svendsen.

Drikkevasstudien er finansiert av Helse- og omsorgsdepartementet og godkjent av regionale komitear for medisinsk og helsefaglig forskingsetikk. 

For meir informasjon om Drikkevasstudien og drikkevatn, sjå nedanfor.

Kontaktperson som kan gje ytterlegare kommentarar:

- Forskar og prosjektleiar Camilla Svendsen, Folkehelseinstituttet, telefon 21 07 63 23/926 53 711 eller e-post drikkevannsstudien@fhi.no
Eventuelt Medievakta ved Folkehelseinstituttet, telefon 21 07 83 00 eller medievakt@fhi.no.

Fakta om Drikkevasstudien

• Deltakarane blir tilfeldig trekte ut blant barn og vaksne i aldersgruppa opp til 80 år.
• Dei som blir trekte ut, eller deira føresette, får eit invitasjonsbrev i posten med meir informasjon om studien før dei blir kontakta via telefon.
• Deltakarar som seier ja til å delta, vil få eit elektronisk spørjeskjema på e-post. I tillegg vil dei få eit par enkle spørsmål på SMS éin gong i månaden i tolv månader.
• Når studien vert avslutta, får deltakarane eit siste spørjeskjema på e-post.
• Spørsmåla på SMS vil handle om kor mykje vatn deltakaren eller borna har drukke, om dei har hatt symptom på magesjuke (diaré og/eller oppkast), og kor lenge plagene i så fall varte.
• Både dei lokale og nasjonale resultata er venta å vere ferdige i 2020.

Fakta om drikkevatnet i Noreg

• Det er totalt cirka 1500 vassverk som forsyner 50 eller fleire personar med drikkevatn.
• Dei aller fleste vassverka brukar overflatevatn (cirka 90 %). Dei øvrige 10 prosent brukar vatn frå grunnvasskjelder.
• Om lag 70 prosent av vassverka er offentleg eige. Desse forsyner cirka 95 prosent av
befolkninga.
• Om lag 30 prosent av vassverka er stort sett små, private andelslag som forsyner 5 prosent av befolkninga.
• Ein stor del av vassverka er små: Cirka 60 prosent forsyner færre enn 500 personar.
• Om lag ein tredel av vatnet frå vassverka går tapt som følgje av lekkasjar på leidingsnettet.
• Årleg vert rundt 0,7 prosent av leidningsnettet fornya.
• Med noverande utskiftingsgrad vil det ta 143 år før leidningsnettet er fornya.

Meir informasjon om drikkevasstudien finn du på nettsidene til Folkehelseinstituttet.

Drikkevatn

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk