Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 19.07.2018Kontaktavdeling: Administrativ leiing

Ei bygd i sorg

Ei mørk sky kom sigande inn over Fyresdal i løpet av helga og vi vakna og forstod at ei alvorleg ulykke hadde hendt i løpet av natta. Vi frykta det verste og har nå fått stadfesta at Knut Aslakson Momrak har gått bort. Vår djupaste medkjensle og deltaking i sorga til familie og vener.

Ein ungdom er gått bort. Det set spor hos oss alle i lang tid. Livet er skjørt og ingen skulle vere utsett for slike hendingar. Eit tomrom som ingen kan fylle. Ei hjelpsam hand, eit smil og munter samtale på butikken der Knut møtte oss alle både unge og eldre. Takk Knut!

Når slike hendingar skjer ser ein kor sterkt samhaldet er i lokalsamfunnet vårt. Friviljuge, skogsleiren, Røde Kors i Fyresdal og frå nabokommunar, Norsk folkehjelp, hundepatruljer, dykkarteneste og politiet som har koordinert aksjonen.

Ei spesiell takk til dei mange tilsette i Fyresdal kommune som har stilt opp og gjort det lettare å koordinere krisa. Takk til alle som endra på ferieplanar og stilt opp når behov var meldt. Takk til kyrkja og takk til prostidiakonen. Takk til vener som har stilt opp for familien. Takk til kriseteamet som har vore tilgjengeleg for alle. Takk til dei som har tatt på seg ekstra vakter, laga mat eller andre oppgåver som har gjort det mogeleg å delta i aksjonen. Takk til alle som har hjelpt.

Likevel ein særskilt takk til ungdomen sjølv som har teke godt vare på kvarandre desse dagane. Dette må de også gjere i tida frametter og husk kor skjørt livet er og at slike hendingar også kan ramme både deg sjølv og din aller beste ven.

Vi har ikkje råd til å miste nokon av dykk!

Vi lyser fred over Knut Aslakson Momrak sitt minne.


Ketil O. Kiland

rådmann

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk