Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Er du budd for krise?

For å styrke beredskapen i samfunnet oppfordrar DSB (Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap) alle til å vere budd på å klare seg sjølv i tre dager. Denne veka får du ei brosjyre i posten med konkrete forslag til kva du bør ha i hus.

Kva gjer du dersom straumen skulle bli borte i fleire dagar, mobilnettet sluttar å virke, eller det ikkje er vatn i springen? 

Sjølv om Noreg er blant verdas tryggaste land, og alt tyder på at vi også vil vere det i tida som kjem, er det lurt å vere budd dersom noko uventa skulle skje. 

Dei grunnleggande behova som må bli dekt dei fyrste tre døgna av ei krise er varme, drikke, mat, legemiddel, hygiene og informasjon. I brosjyra du får i postkassa i desse dagar, og på sikkerhverdag.no, finn du konkrete forslag til kva du alltid bør ha i heimen din.

Du er ein del av Noregs beredskap

I haust har DSB, i samarbeid med Oslo kommune, lansert kampanjen "Du er en del av Norges beredskap". Hensikten er å informere befolkninga og gjere dei meir bevisst på egenberedskap.

Hovudinnhaldet i kampanjen er konkrete råd om kva folk kan gjere for å bu seg best mogleg dersom noko skulle skje med kritiske samfunnsfunksjonar – som straum, mobilnett, internett, transport, vatn og avløp.

- Vi ber deg tenke gjennom hva som kan skje der du bor, hvordan du og de rundt deg kan bli rammet, og hvordan dere kan håndtere det. Vær forberedt på at du og din familie skal klare dere selv i minst tre dager, seier direktør i DSB, Cecilie Daae.

Kvifor kampanje nå?

DSBs befolkningsundersøking viser at innbyggjarane er lite budde på ei krise der mange mistar straum eller vatn, eller om det skulle bli vanskelegare å få tak i nødvendige varer.

Noreg er eit veldig trygt land, men også vi kan bli ramma av naturhendingar, ulykker, sabotasje, tekniske problem, terror, sikkerhetspolitisk krise eller krig. Sjølv om det er lite sannsynleg at du blir ramma, er det lurt å vere budd. Ofte er det ikkje så mykje som skal til. Mange av oss har allereie ein god del av det vi treng for å klare oss sjølve i nokre dagar. 

- Når samfunnet rammes av en stor hendelse eller krise, må hjelpen først ut til de som trenger det aller mest. Jo flere av oss som er i stand til å ta vare på oss selv og hjelpe de rundt oss ved en hendelse, jo bedre rustet står vi som samfunn, sier Daae.

sikkerhverdag.no finn du mange gode råd om egenberedskap, til dømes informasjon om korleis du bør vedlikehalde gassutstyret på hytta di, informasjon om dei mest brannfarlege kleda som finst og informasjon om kva elektrisk arbeid du kan gjere sjølv og kva du må overlate til fagfolk.

Varsellampe

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk