Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ferie For Alle 2019

Mange barnefamiliar i Noreg slit økonomisk, og det kan skuldast ulike årsaker. Ofte kan konsekvensane vere at foreldra ikkje kan gje barna dei sosiale opplevingane som dei har behov for.

"Ferie For Alle" i regi av Telemark Røde Kors er eit gratis ferietilbod til barn og barnefamiliar med pressa økonomi, og bidreg til sosial deltaking, utvikling, nettverksbygging og inkludering.

For heile familien

Gjennom "Ferie For Alle" får familiar med svak økonomi tilbod om ei aktiv ferieoppleving for heile familien. For Røde Kors er det viktig at heile familien reiser på ferie saman. Då får familien moglegheit til å dele gode opplevingar og skape felles minne. Ferieopphaldet blir tilbydt familiar som har minst eitt barn i alderen 6-13 år. Ferien blir leia og tilrettelagt av Røde Kors-frivillige.

Er dette noko for deg eller nokon du kjenner? Ta kontakt med Fyresdal helsestasjon på telefon 35 06 73 04 / 35 06 73 00.

Her finn du meir informasjon og ei oversikt over alle ferietilbuda i 2019

Under samme paraply

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk