Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Fyresdal godkjent som trafikksikker kommune

Trygg Trafikk hadde godkjenningsmøte med leiinga i Fyresdal kommune i Fyresdal Næringshage torsdag 18. januar. Etter møtet underheldt barn frå Fyresdal barnehage. Deretter kunne ordførar Erik Skjervagen motta ein sjekk frå Telemark fylkeskommune, overrekt av nestleiar i samferdsutvalet i fylkeskommunen, Birger Hovden (Ap). Ketil Kiland fekk det synlege beviset – skilt – frå Tor Egil Syvertsen i Trygg Trafikk. Skilta skal henge i næringshagen, på skulen og i barnehagen.

Fyresdal er det femte kommunen i fylket som er godkjent som trafikksikker kommune.

Fylkeskommunen har eit mål om at alle kommunane skal vera godkjente som trafikksikre innan 2025.

For å lukkast med arbeidet i kommunane er det avgjerande at ansvaret er godt forankra i kommunanes administrative og politiske leiing. Kommunane har eit stort ansvar som arbeidsgjevar, vegeigar, barnehage- og skoleeigar, kjøpar av transporttenester og ansvarleg for innbyggjaranes helse og trivsel.

For å bli godkjent må det leverast dokumentasjon på at alle kommunens sektorar har innarbeidd nødvendige retningsliner og instruksar i trafikktryggleiksplanar. Fyresdal kommune har levert dokumentasjon på at alle kriterier er oppfylt, og nå startar arbeidet med å implementere planverket i kommunen.

Ifølge Syvertsen betyr ikkje godkjenninga som trafikksikker kommune at kommunens utfordringar langs vegnettet er løyst, eller at det ikkje vil skje trafikkulykker i Fyresdal, men at godkjenninga er eit kvalitetsstempel for godt, målbevisst og heilskapleg arbeid med trafikktryggleik i alle sektorane i kommunen.

Trafikksikker kommune

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk