Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Fyresdal tannklinikk

Då er den nye tannklinikken i Fyresdal offisielt opna! 

Vi er veldig glade for at Fylkeskommunen satsar lokalt når det elles er mykje fokus på samanslåing. 

Tannlegen heiter Ida Helene Bruun Syversen og ambulerer frå Vinje, der ho har jobba sidan 2016. Anne Tovslid er tilsett som sekretær.

Opningstider

Tannklinikken kjem til å ha ope kvar måndag og tysdag (med nokre unntak i starten) og annankvar onsdag kl. 08.00-15.00. 

Dersom det blir veldig stor pågang vil klinikken ein periode måtte prioritere akutte pasientar og prioriterte grupper (t.d. born og sjukeheimspasientar). 

Tilbodet vil bli vurdert utvida dersom ein ser stor pågang over tid. Ein oppmodar alle til å nytte tilbodet, men gjer merksam på at det truleg vil vere noko ventetid i oppstartsfasen.

Ta kontakt på 35 06 70 20 for timeavtale.

Dei dagane det er stengt i Fyresdal kan ein ringe til Vinje tannklinikk på telefon 35 07 24 80 for å gjere avtale via dei.

Tannlege

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk