Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Godt nytt om breiband!

Har du opplevd at det stoppar opp når du streamar på fjernsynet eller brukar internett, eller at det går frykteleg seint eller stoppar heilt opp når fleire i heimen brukar internett-løysingar samstundes?

Nå kan du glede deg over at dette problemet vil bli løyst for alle fastbuande i kommunen. Dette vil og føre til at hyttefelt i utbyggingsområda vil få tilbod om breiband.

Tildeling av statlege midlar for utbygging av breiband er fordelt og av 4,7 millionar kroner til Telemark har Fyresdal fått 1 million kroner for 2018. Fyresdal kommune er vidare prioritert med kr 2 068 064,- for 2019 og kr 1 568 042,- i 2020. Dersom dette forslaget til fordeling blir realisert manglar det kun kr 578 000,- av statlege midlar for at heile kommunen er utbygd med breiband som føresett. Framtidige løyvingar avheng av at det blir gjort løyvingar via Statsbudsjettet, men det er ikkje noko nå som talar for at det skjer endringar for utbygging av breiband i ikkje-kommersielle område.

Samla kostnad blir omlag 15 millionar kroner, derav kommunal del inntil 4 millionar kroner og Vest-Telemark kraftlag som og tar ein stor del av kostnaden. Denne satsinga har kommunestyret sagt ja til å prioritere da ein oppfattar dette til å vere særs viktig for å oppretthalde vårt busettingsmønster, men og for vidare utvikling av næringslivet.

Utbyggingsområda er:

Rindebakken - Einangmoen
Einangmoen - Tøddebakkane
Kilegrend
Kleivgrend
Fjellgardane
Snarteland - Fardal
Borggrend
Fardal-Breivik - Aamlid
Breivik - Birtedalen

Frå rådmannen si side er dei tre første utbyggingsområda prioritert. Dette da her frå før ligg fiber i alle områda og det er forholdsvis rimeleg å nå dei fleste private abonnentane som bur her. Dei andre områda er noko dyrare å bygge ut, men blir fasa inn fortløpande etter som statlege tilskot og utbyggingskapasitet fell på plass.

Årsaka til at Hauggrend ikkje er nemnt som eit av utbyggingsområda i søknaden om statleg tilskot er at det for dette området alt er gjort vedtak av utbyggar om utbygging. Innbyggarane som enda ikkje har fiber i dette området vil få tilbod om dette i løpet av hausten. Dette gjeld da heilt opp til kommunegrensa ved Skreosen.

Lykke til med nytt breiband!

Helsing
Ketil O. Kiland
rådmann

Rognebær

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk