Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Høyring - Nye Gjøv kraftverk

Vest-Telemark Kraftlag har søkt NVE om løyve til å byggje nye Gjøv kraftverk i Fyresdal kommune.

Vest-Telemark Kraftlag AS ynskjer å nytte eit fall på 67 meter i vassfallet mellom Brutjønn og Tovslitjønn. Inntaket er planlagt på det eksisterande inntaket til mikrokraftverket Gjøv på kote 603 med kraftstasjon på kote 536. Vassvegen vil bli om lag 800 m lang og vera nedgraven heile strekninga. Middelvassføringa i Tverråna er på 2007 l/s og planlagt maksimal slukeevne er 1885 l/s. Kraftverket vil ha ein installert effekt på 0,99 MW og skal etter planane gje ein årleg produksjon på 4,47 GWh. Utbygginga vil føre til redusert vassføring over ein strekning på om lag 1600 m i Tverråna og Tovsliåna. Båe er ein del av det verna vassdraget «omr. vest for Fyresvatnet». Det er planlagt ei minstevassføring på 250 l/s heile året. 

Det er òg søkt om løyve etter energilova for bygging og drift av nye Gjøv kraftverk med tilhøyrande koplingsanlegg og kraftline. 

Høyringsuttaler sendast via NVE. Alternativt kan uttala sendast som e-post til nve@nve.no, eller i brevs form til NVE - Konsesjonsavdelingen, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo.

Høyringsfristen er 19. oktober 2018.

Konsesjonssøknaden ligg til offentleg gjennomsyn i sentralbordet til Fyresdal kommune i Fyresdal Næringshage.

Sjå NVE og Konsesjonssaker for meir informasjon om konsesjonssøknaden, høyringsbrevet og høyringsuttale

Vatn

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk