Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Høyring av revisjonsdokument

Høyring av revisjonsdokument for Finndølareguleringa i Valle og Fyresdal kommunar

På bakgrunn av krav frå Valle og Fyresdal kommunar og føringar frå NVE har Arendals Vasdrags Brugseierforening utarbeidd eit revisjonsdokument som m.a. beskriv reguleringane og vurderer dei ulempene ein er kjent med. Revisjonsdokumentet ligg nå til offentleg høyring. Revisjonsdokumentet og høringsuttalene til dette vil utgjere ein viktig del av grunnlaget for å fastsetje reviderte vilkår.

Revisjonsdokumentet ligg til offentleg gjennomsyn i sentralbordet til Fyresdal kommune i Fyresdal Næringshage.

Høyringsuttaler sendast via NVE. Alternativt kan uttala sendast som e-post til nve@nve.no, eller i brevs form til NVE - Konsesjonsavdelingen, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo.

Høyringsfristen er 16. november 2018.

Vilkårsrevisjon for Finndølavassdraget - hovudføremål

Hovudføremålet med revisjonen er å betre miljø- og naturforholda ved å avbøte ulemper og negative verknader ved utbygginga. Faun naturforvaltning har saman med kommunane Valle og Fyresdal laga eit grunnlag som er innarbeida i eit revisjonsdokument for vassdraget. Det vart gjennomført synfaring i samanheng med dette.

Dette er altså ingen vurdering av gitte konsesjonar i vassdraget, men dersom det kan dokumenterast at endringane i vassdraget har blitt vesentleg endra ut over det som er føresett i gitte konsesjonar er det grunnlag for å få kompensert for dette og da gjerne med avbøtande tiltak.

Det vil bli ei synfaring av vassdraget 9. oktober. Det er da høve for alle til å delta på synfaringa eller direkte kome med innspel til revisjonsdokumentet som ikkje kom med i første runden. Revisjonsdokumentet ligg i sentralbordet til kommunen.

Da Torsdalsmagasinet som og er del av Finndølavassdraget for det meste ligg i Valle kommune har kommunane eit samarbeid seg i mellom og koordinerer sine innspel.

Meir informasjon og påmelding til synfaringa tysdag 9. oktober finn du her

Fossefall

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk