Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kjære alle gode medmenneske

Etter at det fyrste sjokket over at Knut er borte har lagt seg, føler vi som familie at vi har eit behov for å takke.
Det er så utroleg mange som har bidrege til å gjere vår sorg litt lettare å bere.
Den omsorga, støtte og hjelp som vi har fått, og får, er ingenting anna enn eineståande.

Vi har etter kvart forstått og skjønt omfanget av den enorme innsatsen som blei gjort av bygdefolket den natta Knut forsvann og i tida til han blei funnen, men også etter det.
Heile bygda har bidrege på ulikt vis. Det er vanskeleg å trekke fram einskildpersonar, de veit sjølv kva de har vore for oss!

Raude Kors, alle dei friviljuge som var med å leita, alle som har baka og laga mat, alle blomehelsingar, brev, kort og gode klemmar.
Oppe i alt dette har jo de og hatt sorg og redsel å bearbeide.

Dei unge som kjem på besøk, sender bilete, sei gode ord og gjev varme klemmar.
Dei som song og spela både i kyrkja og under minnesamvere på samfunnshuset.
Dei som ordna bilete, dei som rigga opp og ned, dei som ordna lyd.

Minnesamveret på eit stappfullt samfunnshus, blei gjennomført utan at vi som familie gjorde noko som helst. Vi bare spurde sju gode damer om hjelp. Dei fortel at alle som blei spurt om å bidra takka ja med glede, og ikkje visste det beste dei kunne gjere. Det varmar!!

Kyrkjekontoret, prostidiakonen, prest, lege og politi har og bidrege, og sjølv om det er deira profesjon, har vi opplevd varme og støtte som har vore viktig for oss.

Vi vil og gjerne takke Fyresdal kommune og kriseteamet for både profesjonell hjelp og varm omsorg.

Bygdesamfunnet Fyresdal er godt å ha rundt seg no, tusen takk til alle.

Hilde og Aslak, Kari, Gunnar og Ann Susann
Hjerte i sky

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk