Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kommunestyreval 2019

Listeforslag til kommunestyrevalet i Fyresdal 

Politiske parti, eller andre som stiller forslag, skal ved valet i 2019 levere inn listeforslag for kommunestyrevalet. Fristen for innlevering av listeforslag er måndag 1. april 2019 klokka 12.00. 

Vallova § 6-1 har reglar om kva for krav som blir stilt til vallister. Både registrerte politiske parti og andre grupper kan stille liste ved val. Partiet eller gruppa arbeider ut forslaget til valliste, som deretter skal godkjennast av valstyresmaktene. Valstyret i kommunen godkjenner listeframlegg til kommunestyrevalet. Dette er grunnlaget for produksjon av stemmesetlar. De finn mykje informasjon om regelverk, skjema, behandling og godkjenning av listeforslag på valg.no

Har de spørsmål, kontakt Fyresdal kommune på telefon 35 06 71 00 eller e-post postmottak@fyresdal.kommune.no

Valstyret

Valg

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk