Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Konsert på POS

Ingvild og Erik er ein ny og spennande duo som kjem frå Skien i Telemark. Duoen framfører norske låtar frå visetradisjonen og folkemusikken pakka inn i eit behageleg duoformat.

Litt om musikarane:

Ingvild Homme kjem frå Skien og jobbar som profesjonell musikar og vokal-lærar ved Bø Kulturskule. Ho har mastergrad i musikk frå UIA og held for tida på med sitt
debutalbum som blir sleppt i 2018. 

Erik Norheim kjem frå Siljan og jobbar som profesjonell musikar og gitarlærar ved Bø Kulturskule. Han har bachelorgrad i musikk frå UIA og har tidlegare delt scene og spelt med artistar som Marian Aas Hansen, Alexander Rybak, Christian Ingebrigtsen og Turid Jørgensen (Katzenjammer).

Vonar mange har lyst og høve til å kome på konserten!

Dato og stad:

Fredag 20. april kl. 11.00 på Fyresdal pleie- og omsorgssenter.

Gitar

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk