Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kulturskuleåret 2019/2020

Vi har eit mangfaldig tilbod i kulturskulen i Fyresdal, men begrensa med ressursar. For at vi skal kunne planlegge eit så godt tilbod som mogleg til så mange som mogleg, er vi avhengige av tilbakemelding frå foreldre i god tid før oppstart av kulturskuleåret. Dette gjeld spesielt der vi har gruppetilbod, det vil sei primært, kunst og handverk og dans.

Dans måndagar kl. 14.00-16.00 – gruppetilbod:

Dans har tidlegare vore på torsdagar, men blir no flytt til måndagar.
Kor mange grupper og kva slag er avhengig av tilbakemelding frå foreldre. Per i dag har vi ikkje tilbod på mellomsteget, men dersom vi får tilbakemelding om at det er ynskjeleg, kan det hende vi kan få det til.

Kunst og handverk torsdagar kl. 14.30-16.00  gruppetilbod:

Her har vi rom for ei gruppe, men ynskjer tilbakemelding om etterspurnad for å tilpasse tilbodet så vi får med så mange som mogleg.

Elles har vi fylgjande tilbod i kulturskulen:

- Slagverk med Trygve Jarle Nedrebø på måndagar. Kan ha små grupper.
- Piano eller vokal med Svetlana Sheytanova. Måndagar og tysdagar. Kan ha små grupper.
- Gitar/bass/ukulele/banjo med Marit van Delft. Tysdagar og onsdagar.
- Band med Marit van Delft. Onsdagar og torsdagar. Gruppe.

Alle barn frå 6 år og oppover kan søkje på individuell undervisning.

Frist for opptak og oppseiing av plass i kulturskulen er 1. juni!

Ein søkjer via elektronisk søknadsskjema.

Dei som har individuell undervisningsplass, har denne til den blir sagt opp skriftleg.

Eg oppmodar alle om å søkje plass i kulturskulen så tidleg som mogleg og seinast 1. juni, slik at vi kan få lagt gode timeplanar, som femnar så mange unge som mogleg.

Prisane i kulturskulen er som fylgjer:

- Enkelttimar kr 3.100,- per år.
- Gruppeundervisning i lita gruppe kr 2.400,- per år.
- Gruppeundervisning i stor gruppe kr 2.000,- per år.

Det blir gitt 50 % syskjenrabatt, og moderasjon i pris ved fleire tilbod.

Det er mogleg å leige instrument for kr 400,- per år. 

Kontigentkassa

Ein kan søkje stønad frå kontingentkasseordninga for dekking av utgifter. Les meir om ordninga her.

Spørsmål?

Tak gjerne kontakt!

Velkomen som søkjar til kulturskulen!

Med venleg helsing
Hilde Martini Momrak
kulturkonsulent
Tlf. 35067129

Art

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk