Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Noro-viruset er her...

Symptom og smitte ved noro-virus

Sjukdommen er vanlegvis mild og går over av seg sjølv etter 1–3 dagar hos elles friske personar. Det tek 12–48 timer frå ein blir smitta til ein blir sjuk. Symptoma er akutt kvalme, oppkast, magesmerter og diaré. I tillegg får mange influensaliknande symptom som feber, muskel- og leddverk og hovudpine. Ein smitta person er mest smittsam medan han/ho har symptom med oppkast og diaré, men kan òg vere smitteførande etter at symptoma gir seg. Etter 48 timer skil dei fleste ut mindre smittestoff.

Når kan ein vende tilbake til jobb, skule eller barnehage?

Barn i skule og barnehage bør halde seg heime til det har gått 48 timar etter siste symptom (oppkast og/eller diaré). Det same gjeld for vaksne når dei skal vende tilbake til jobb.

Råd for å førebygge smitte med noro-virus

Dei viktigaste førebyggande tiltaka mot noro-virusinfeksjon er god hand- og kjøkkenhygiene. Med god handhygiene meiner ein grundig handvask med såpe og rennande vatn. Alkoholbasert handdesinfeksjon er mindre effektivt mot noro-virus.

Ei lita oppmoding frå Fyresdal legekontor

Dersom de har omgangssjuke, men ok allmenntilstand, ver venleg å hald dykk heime - og ikkje møt opp på legekontoret! Dette på grunn av stor fare for smitte. Ta heller ein telefon til legekontoret og be om råd - dersom de treng dette. Hugs at det er viktig med jamn væsketilførsel, i tillegg til god handhygiene.

Norovirus

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk