Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Nytt frå Direktoratet for byggkvalitet

Snurr film!

Direktoratet for byggkvalitet har laga ein film som gjev bustadeigarar enkel informasjon om stega ein må gjennom for å søke om å bygge. Filmen gjer det enklare å forstå søknadsprosessen for alle som skal søke om tiltak utan ansvarsrett. Sjå filmen her.

Nye søknadsskjema for privatpersoner

I haust lanserte Direktoratet for byggkvalitet nye søknadsskjema for tiltak utan ansvarsrett. Skjemaa, som er enklare å fylle ut og forstå, kan brukast av privatpersonar som skal nabovarsle, søke om bruksendring eller bygge/rive. Dei nye søknadsskjemaa finn du her.

Åtte steg fra idé til ferdig søknad

Direktoratet for byggkvalitet har også laga ei rettleiing som skal gjere det lettare for privatpersonar å få oversikt over kva dei må finne ut av før dei kan sende inn ein byggesøknad. Målet er å gjere det enklare å forstå alt ein må hugse på i søknadsprosessen. Åtte steg fra idé til ferdig søknad finn du her.

Bygge hus

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk