Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Rådmannen helsar!

Det er mars. Våren har helsa på og snoklokkene strekker seg i husveggane. Vinteren har likevel ikkje heilt sloppe taket. Det hender framleis at snoen driv innover frå Fyresvatn og legg seg kvit og fin rundt kyrkja som eg ser på kvar dag frå kontoret mitt. Kanskje det kan bli skiføre til påske likevel! Kven veit – det er alltid vanskeleg å spå og særs om tida som kjem.

Fyresdal, den minste kommunen i fylket. Den minste kommunen i Vestfold som Telemark nå skal einast med, er Holmestrand med 25.000 innbyggjarar. Om vi slår saman alle kommunane i Vest-Telemark blir vi fortsatt ikkje meir enn 14.000 innbyggjarar.

Vestfold med sine 250.000 innbyggjarar og Vinje kommune med eit areal større enn heile Vestfold. Telemark med sine 150.000 innbyggjarar. Tyngdepunktet for folketalet i det nye fylket blir forskuva lenger vekk frå Vest-Telemark. Fylkeskommunen sitt hovudsete med politisk leiing blir verande i Skien. Det trur eg vi skal vere glad for. 

Fordeling av ressursar og oppgåver vil frametter vere enda meir viktig. Det må bli utvist mykje politisk kløkt om Vest-Telemark skal bli høyrt og sett i det nye fylket.

Gjennom år har Fyresdal kommune utvikla bygningsmassa si. Utbyggingar på POS, Gimle skule, bibliotek, barnehage og kommunehus/næringshage. Renovering av helsehus og bustadar. Nytt VA-anlegg til Sørbygda, nytt bustadområde i Moghusfeltet, Hamaren Aktivitetspark og nå fokus på ny idrettshall.

Det har jo kosta, men heilt naudsynt i ei framtidig tenking. Skal vi lykkast med å fortelje folk kvifor dei bør flytte til Fyresdal er det mange forhold som spelar inn. Alt heng saman, men særleg vil vi måtte legge vekt på:

- Nye arbeidsplassar og take vare på og utvikle eksisterande arbeidsplassar
- Godt omdøme
- God stad å bu
- Fritids- og kulturaktivitetar
- Høg kvalitet på kommunalt tenestetilbod som helse, barnehage og skule

Summen av desse parametrane og fleire til, er det som må til for å få folk til å flytte til Fyresdal. Det er viktig å snakke godt om kvarandre og sjølv vere dei beste ambassadørane for å få folk til å flytte til kommunen. 

Møteplassane blir viktigare og viktigare i tida som kjem. Det å kome saman både i arbeid og fritid er viktig for alle aldersgrupper. Kommunen si hovudoppgåve her er å legge til rette for at vi som innbyggjarar får gode arenaer å møtast på. 

Når eg nå sluttar som rådmann i kommunen er det så absolutt med eit visst vemod, men og ei lette. Gjennom 11 år i kommunen har eg gleda meg over dei mange flinke medarbeidarane og framfor alt sett pris på det viktige arbeidet dei gjer kvar dag for at vi alle skal synast at Fyresdal er ein framifrå stad å bu og virke i. 

Eg har mange gode minne frå denne tida som eg tar med meg vidare. Eg gler meg til å møte tilsette i kommunen, innbyggjarar og politikarar att som privatperson og kjem aldri til å slutte med å bry meg om bygda vår!

«Jeg skulle ønske
det fantes
en garanti
for at de som hadde
mest på hjertet
også var de
som hadde mest inni det»
(Trygve Skaug)

Takk for meg!

Ketil O. Kiland
rådmann

Sommerblomst

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk