Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Barnehage-, skule- og SFO-start hausten 2018

Barnehageplass 2018/2019

Nytt barnehageår startar måndag 20.08.2018 for nye barn/plassar. Det treng ikkje søkjast for barn som allereie har barnehageplass. Nye søkjarar og dei som ynskjer endring må også søkje innan fristen for hovudopptaket. 

Frist for hovudopptak er 15. mars 2018. 

Barn har rett på plass frå den månaden dei fyller eitt år. Barn som fyller eitt år seinare enn dette og ynskjer barnehageplass i barnehageåret 2018/2019 må søke til hovudopptaket. 

Det blir tildelt plass ut frå retningslinjene i vedtektene for Fyresdal barnehage. 

Send søknaden elektronisk.

Skuleinnskriving for barn fødde i 2012 i Fyresdal kommune

Melding om innskriving i skulen fyllast ut på elektronisk skjema innan 15. mars 2018. 

Alle nye 1. klassingar vil bli invitert til ein dag på skulen. Elevane vil få brev frå skulen.


Skulefritidsordning

Det treng ikkje søkjast for elevar som allereie har plass, dei beheld denne til dei byrjar i 5. klasse. Dei som ynskjer endring må også søkje innan fristen for hovudopptaket, dette gjeld også for oppseiing av plass.

Nye søkjarar som ønsker plass frå skulestart 2018/2019 må søkje innan 15. mars til hovudopptaket. 

Søknader som kjem utanom hovudopptaket blir tildelt plass dersom det er ledig og ut frå retningslinjene i vedtektene til SFO.

Send søknaden elektronisk.

Barn

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk