Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Tidlegstemme

Tidlegstemme - Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019

Om du er bortreist eller av andre grunnar ikkje kan stemme når den ordinære perioden for førehandsstemming startar 12. august, eller på valdagane 8. og 9. september, kan du ta kontakt med kommunen for å stemme alt no.

Vi har motteke stemmesetlane frå trykkeriet.

Hugs å ta med gyldig legitimasjon når du skal stemme.

Har du stemmerett?

Du har stemmerett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet om du oppfyller eitt av desse krava:

• Du er norsk statsborgar, over 18 år eller fyller 18 år i valgåret og er, eller har vore, registrert busett i Noreg.
• Du er statsborgar i andre nordiske land (det vil seie Danmark, Island, Finland eller Sverige), over 18 år eller fyller 18 år i valåret og vore registrert busett i Noreg sidan seinast 30. juni 2019.
• Du er annan utanlandsk statsborgar, over 18 år eller fyller 18 år i valåret og har vore registrert busett i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen.

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med oss på e-post postmottak@fyresdal.kommune.no eller telefon 35 06 71 00.

Informasjon om valkort og førehandststemming, og informasjon mtp. ev. vanskar med å kome til vallokala, finn du her.

Valg

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk