Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Feiar - Vest-Telemark brannvesen

Feier
Vest-Telemark brannvesen søker etter 2 nye feiarar

Interkommunalt brannvernsamarbeid i Vest-Telemark IKS er eit samarbeid for kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje. Selskapets føremål er å samarbeide om brannvesen og utføre lovpålagde brannførebyggande oppgåver i vertskommunane. Brannsamarbeidet har kontorstad i Høydalsmo. Dei har i dag 6 feiarar tilsett. 

Då oppdragsmengda er aukande grunna ny forskrift med pålegg om feiing og tilsyn av både bustader og fritidsbustader har dei behov for å etablere nye feiarlag med oppstart frå 01.01.2020. Dei søker derfor etter to nye feiarar.

Feiarane har utgangspunkt i Høydalsmo, men for søkarar som bur andre stader vil ein prøve å legge til rette for fleksible løysingar. 

Arbeidsoppgåvene er feiing av røykkanalar og fyringsanlegg, tilsyn med bustader/fritidsbustader og førebyggande brannvern. Feiarane jobbar i team og overlappar der det er naudsynt innan brannsamarbeidets arbeidsområde.

Krav til stillinga:

  • Fagbrev som feiar eller anna relevant håndverkarfagbrev. Den som får jobben må vera viljug til å ta utdanning som fyller forskriftskrav dersom dette manglar.
  • Sjølvstendig og påliteleg.
  • Gode samarbeidsevner.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne og kunnskap innan data.
  • Førarkort klasse B.
  • God helse og fysikk.

Dei oppmodar kvinner til å søkje.
Lønn etter avtale.
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som fylgjer av gjeldande lover, tariffavtaler og reglement. Det er 2% pensjonsinnskot i KLP.
Den som får tilbod om stillinga må framlegge helse- og politiattest av nyare dato.
Dei tek atterhald om endringar i stillingas arbeids- og ansvarsområde som fylgje av framtidige organisasjonsendringar. 

Søknad med CV kan sendast til Vest-Telemark Brannvesen v/Tore Metveit, Høydalsmovegen 815, 3891 Høydalsmo eller tore.metveit@vtbv.no innan 20.08.2019.

Spørsmål om stillinga kan rettast til brannsjef Tore Metveit på 970 16 957 eller til styreleiar Gunnar Eilefstjønn på 917 74 311.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk