Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ferievikarar 2019

Har du lyst til å tilbringe sommaren i Fyresdal?

Avdeling helse og omsorg har behov for ferievikarar i veke 26-33. Vi kan tilby variera og interessant arbeid i direkte kontakt med brukarar i ulike aldersgrupper og med ulike behov.

Vi vil gjerne ha personar som er glade i utfordringar og likar å jobbe med menneske. Har du relevant fagutdanning, eller er du over 18 år og har starta på helsefagleg utdanning? Då har vi bruk for deg! 

Vi treng: 

Id 514: Assistentar i sjukeheim, i heimetenesta, i bustad for funksjonshemma, på kjøkken og vaskeri og som aktivitør på ulike avdelingar. Skriv i søknaden i kva for avdeling du ynskjer å arbeide.

Id 515: Heimehjelp. Må vere over 18 år, ha førarkort og disponere bil.

Id 516: Hjelpepleiar/helsefagarbeidar i sjukeheim, heimesjukepleie og i bustad for funksjonshemma.

Id 517: Sjukepleiar i sjukeheim, i heimesjukepleia og på legekontor. Skriv i søknaden i kva for avdeling du ynskjer å arbeide.

Id 518: Kokk, sjukeheimen.

- Stillingane er vesentleg i turnus med helgearbeid.
- Opplæring vil bli gjeve.
- Gode norskkunnskapar vert vektlagt.
- Skriv i søknaden kva for periode du kan arbeide.
- Av studentar/elevar vil dei som er under relevant utdanning bli prioritert.
- Søkjarar som kan arbeide tilsvarande full stilling og i ein periode på minimum 4 veker vil bli prioritert.
- Dei som ynskjer arbeid i heimesjukepleia, som heimehjelp, i bustad for funksjonshemma må ha førarkort for personbil.

- Tilsetjing og løn i samsvar med gjeldande lovar, reglar og avtaleverk.
- Ved tilsetting i enkelte av stillingane må det leverast politiattest, dette kjem ein tilbake til ved tilsetting.
- For utanlandske søkjarar må det føreligge norsk autorisasjon.
- For søkjarar utanfor EØS området må det føreligge arbeids- og opphaldsløyve.

For opplysningar om stillingane kan du kontakte:

Avdeling pleie og omsorg, Anne Veum, tlf. 35 06 71 88.
Avdeling helse og omsorg, Hege Sjøvik, tlf. 35 06 73 11.
Avdeling kjøkken og vaskeri, Liv K. Lassemo, tlf. 35 06 71 63.

Avdeling plan og teknikk har også behov for sommarvikarar:

Id 519: Teknisk/utearbeidarar.

- Aldersgrense 18 år, må disponere eigen bil.
- Behov for 1–2 personar frå juni til august.
- Kontaktperson, avdelingsleiar Audun Aslestad, tlf. 35 06 71 41 / 977 60 230.

Søknadsfrist: 28.02.2019

Elektronisk søknadsskjema

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk