Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Helsesjukepleiar

Sjukepleiar
ID 528

Då vår noverande helsesjukepleiar skal ha 1 års permisjon søkjer vi etter helsesjukepleiar i 80 % vikariat i perioden 01.05.19–30.04.20.

Hovudansvarsområde:

- Fagleg leiar for tenesta.
- Utøve teneste for born og ungdom etter gjeldande lovverk.
- Helsestasjonsverksemd.
- Skulehelseteneste.
- Helsestasjonsverksemd for ungdom i samarbeid med lege.
- Anna førebyggjande helsearbeid.
- Medlem av psykososialt kriseteam.
- Sakshandsaming innan fagfeltet.

Kvalifikasjonar

- Helsesjukepleiarutdanning.
- Erfaring frå helsestasjon, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom vil vere ein føremon. 

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi søkjer ein person som:

- Er utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel.
- Har gode evner til å kommunisere og til å skape ein god arena for samarbeid.
- Har evne til å jobbe sjølvstendig.
- Har evne og vilje til tverrfagleg samarbeid.
- Likar utfordringar.
- Har brukar i fokus. 

Løn etter avtale.

Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til assisterande rådmann Une Marit Tangen på telefon 35 06 71 15 / 974 05 068.

Søknadsfrist: 26. mars 2019.

Velkomen som søkjar!

Elektronisk søknadsskjema

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk