Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Logoped

Words

ID 530: Fyresdal kommune og Kviteseid kommune lyser ut 100 % fast stilling som logoped.

Stillinga er fordela med inntil 50 % i kvar kommune, fortrinnsvis knytt til barnehage og skule, og er ledig frå 01.08.2019.

Kvalifikasjonar:

• Master i logopedi og/eller spesialpedagogikk.
• Relevant test- og utredningskompetanse.
• Samarbeidsevne, fleksibilitet og omstillingsevne.
• Må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert.
• Har gode IKT-ferdigheiter.
• Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
• Har erfaring med språk og evne til å bygge gode språkmiljø.

Spørsmål?

Ta kontakt med avdelingsleiar/styrar i Fyresdal barnehage Liv Johre-Bakke på telefon 35 06 71 80 / 977 60 221 eller kommunalsjef i Kviteseid kommune Ingunn Haugland på telefon 924 24 086.

Vi kan hjelpe til med å finne stad å bu.

Arbeidet inneber køyring til skular og barnehagar i begge kommunane, så den som blir tilsett må ha førarkort og disponere eigen bil.

Tilsetjingsvilkår:

For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lov, forskrift og avtaleverk. Den som blir tilsett må levere politiattest av ny dato i tråd med Opplæringslova §10-9.

Søknadsfrist: 

Søknadsfrist er 29.04.2019.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk