Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Psykolog / psykologspesialist

100 % fast stilling som psykologspesialist i barne- og ungdomspsykologi / psykolog ved for tida Vinje, Tokke og Fyresdal kommunar. ID 550.

Kommunane har tilsaman 7300 innbyggjarar. Cirka 1530 er born og unge i alderen 0-20 år. Ein av kommunane har vidaregåande skule. Vest-Telemark er kjent for sin kultur, flotte natur og gode moglegheiter til friluftsliv.

Vinje, Tokke og Fyresdal søkjer etter psykologspesialist i barne- og ungdomspsykologi / psykolog. ID 550.

Kommunane søkjer etter ein barnepsykolog / psykolog i ei nyoppretta stilling - som skal arbeide med barn og unge i alderen 0-20 år. Psykologen vil få eit eige kontor i helseeininga i kvar av kommunane, men ein av kommunane vil ha arbeidsgivaransvar. Fordelinga av psykologens tid vil avhenge av tal på born og unge i kommunane og etter behov.

Tenesta skal vera eit gratis lågterskeltilbod med fokus på korttidsterapi, råd og rettleiing.

Hovudarbeidsoppgåver:

• Klinisk verksemd med behandling, utgreiing og kartlegging av pasientar (evt. for vidare sending til spesialisthelsetenesta).
• Samarbeid med tverrfaglege team i kommunane.
• Rettleiing av born og føresette.
• Førebygging (undervise tilsette i barne- og ungdomsskulen).

Kvalifikasjonar:

• Autorisert psykolog.
• Erfaring med samtaler med born, ungdom og foreldre.
• Erfaring med samarbeid og rettleiing av andre faggrupper.

Personlege eigenskaper:

• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
• God på rettleiing.
• Sjølvstendig og trygg på utøving av faget.

Vi tilbyr:

• 100 % fast stilling.
• Lønn etter avtale.
• Moglegheit for å vera med på å utvikle tenesta.
• Deltaking i nettverk med andre psykologar, DPS og samarbeid med tilsvarande stilling i Seljord, Kviteseid og Nissedal.
• Gode pensjonsordningar.

Søkjarar utan spesialitet vil måtte inngå avtale om spesialisering.
Søkjar må ha sertifikat og nytte eigen bil. Det blir gitt køyregodtgjersle etter gjeldane satsar.
Tilsettingstidpunkt: Etter avtale.

Spørsmål om stillinga kan rettas til:

Ann Wraa, helse- og omsorgssjef Tokke kommune, tlf. 35 07 55 01 / 970 21 422.
Elin Erikstein, fagleiar psykisk helse Tokke kommune, tlf. 35 07 55 46 / 970 58 050.

Elektronisk søknadsskjema

Søknad vert å sende til Tokke kommune på elektronisk søknadsskjema, sjå tokke.kommune.no og "Stilling - søknad om stilling".

Søknadsfrist:
30. desember 2017.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk