Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Råd og utval

I lov om barnehagar § 4. Foreldreråd og samarbeidsutval, er oppnemning og praktisering av foreldreråd og samarbeidsutval heimla

Frå Rammeplanen 01.08.2017:

"Intensjonen med foreldreråd og samarbeidsutval er at desse ordningane skal gi høve til å ivareta foreldre sin kontakt med barnehagen på ein aktiv måte.

Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø. Foreldrerådet skal få inn saker som er viktige for foreldra sitt forhold til barnehagen. Foreldrerådet må samtykkje dersom foreldrebetalinga skal setjast høgare enn den fastsette maksimalgrensa.

Samarbeidsutvalet skal vere eit rådgivande, kontaktskapande og samordnande organ. Samarbeidsutvalet skal få inn saker som er viktige for innhaldet i og verksemda til barnehagen og for forholdet til foreldra. Samarbeidsutvalet skal fastsetje årsplanen i barnehagen. Andre viktige saker er til dømes forslag til budsjett eller driftsendringar."

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk