Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Brannvern og feiing

Fyresdal er med i den interkommunale brannordninga for Vest-Telemark. Den interkommunale brannordninga har felles brannsjef og har ansvar for det førebyggande arbeidet i Vest-Telemarkkommunane.

Beredskapsavdelinga består som før. Avdelinga består av 16 personar med personsøkar som rykker ut ved alarm. Vi har òg samarbeidsavtaler over kommunegrensene for å hjelpe kvarandre ved større hendingar.

Feiing

I samsvar med godkjent feieordning blir det feia kvart andre år, tilsyn på private bustader blir utført kvart 4. år, og det blir utlevera batteri i røykvarslerar kvart år. Brann og feiing har ansvarsområdet sitt definert av brann- og eksplosjonsloven og sivilforsvarsloven. Avdelinga skal førebygge brann ved informasjon, opplæring, kontroll av bygningar, piper og ildstader. Vi skal redde liv og verdiar gjennom god beredskap i forhold til brannslokking, ulykker og akutt forureining.

Bålbrenning

Vi minner om at det er generelt forbud mot bruk av open eld i eller i nærleiken av utmark mellom 15. april og 15. september. For å søkje om lov til å brenne bål, kontakt Fyresdal brannvesen, tlf. 957 91 510.

Salg av fyrverkeri

For å søkje om lov til å selje pyrotekninsk vare (fyrverk), kontakt Vest-Telemark brannvesen.

Kontakt 

Leiar beredskapsavdelinga i Fyresdal

Arild Metveit 
Mob. 957 91 510

Feiar

Mob. 971 45 655
Mob. 971 45 644

Vest-Telemark brannvesen

Kontoret ligg i Høydalsmo, i same bygg som Vest-Telemark Kraftlag. Brannsjefen har den overordna leiinga av brannvesenet i alle dei 6 kommunane i Vest-Telemark. Beredskapen ligg i kvar kommune og brannmannskapa er deltidstilsette og har arbeidsavtale med den enkelte kommunen.

Tlf. 35 07 57 11 / 970 16 957

Brannsjef

Tore Metveit 
Tlf. 970 16 957

Brann 110

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk