Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Bustadtomter

Fyresdal kommune har som overordna mål å leggje til rette for at Fyresdal skal vere ein god plass å bu og virke. Ei viktig satsing for Fyresdal er difor å leggje til rette attraktive bustadtomter, både i sentrumsnære område og i grendene. 

Tøddebakkane bustadfelt

Tøddebakkane ligg i sentrum av Fyresdal, tett inntil Folkestadbyen som er handelssenter, og nær skule, barnehage, legesenter, kulturhus, kommunehus osv. Tøddebakkane ligg med utsikt over sentrum og Fyresvatnet. Prisen på dei byggjeklare tomtene er kr. 40 000,-. 

Sørbygda

I Sørbygda, 2 km sør for Fyresdal sentrum, ligg det etablerte bustadområde med mange fine utsiktstomter over Fyresvatn. Området ligg inntil "gamlevegen" som går til sentrum og denne vert nytta som gang- og sykkelveg dit. I Sørbygda ligg det føre eit nytt (privat) bustadområde i tilknytning til det eksisterande. Feltet er ikkje ferdig detaljregulert og førebels ikkje opparbeidd med byggjeklare tomter, men dette skal kunne løysast dersom det melder seg interessentar. 

Hauggrend

Kommunen har nokre få ledige tomter i det kommunale bustadfeltet i Hauggrend, lengst nord i kommunen. Prisen på dei byggjeklare tomtene er kr. 40 000,-. Innanfor kommunedelplan for Hauggrend ligg det i tillegg føre ledig byggjeareal for bustader ned mot Skredvatn. Bygging her føreset løyve frå grunneigar og avklaring i høve til tomteinndeling/detaljplan. 

Haasum - småbrukstomter

17 store tomter til sals for bygging av småbruk. Tomteareal på 80-95 da. Pris kr. 250 000,- per tomt. For spørsmål og synfaring av tomter, ring Fyresdal kommune på tlf. 35 06 71 00.

Bygging i grendene

Fyresdal er positive til bustadbygging utanfor dei regulerte områda og i grendene, så lenge plasseringa ikkje kjem i direkte konflikt med viktige sektorinteresser som skal ivaretakast. Det må søkjast om dispensasjon frå overordna plan for slike enkelttomter, og handsaminga kan ta frå 1 til 4 månader. Ta kontakt med kommunen for å få råd om korleis ein går fram med søknad.

Kontakt

For informasjon om tomter/byggjing i Fyresdal, kontakt Arild Metveit.
For informasjon om kommunale utleigebustader, kontakt Marit Nygård Dale.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk