Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Byggesaker

Når du sender byggesøknad til kommunen skal saksbehandlar vurdere søknaden opp mot plan- og bygningslov, utforming av tiltaket, arealplanar, lokale retningslinjer og veglov.

Kva for skjema som skal brukast er avhengig av kva du søkjer om. På Direktoratet for byggkvalitet finn du søknadsskjema for byggesaker, desse kan fyllast inn elektronisk eller for hand eller i ein kombinasjon.

Når du skal levere ein byggesøknad skal det i tillegg til søknadsskjema fylgje med teikningar, kart og kvittering for nabovarsling. Det er viktig at saksbehandlar får ei god forståing av kva du ynskjer å bygge.

I søknader utan ansvarsrett er nabovarslinga ofte mangelfull. Ver spesielt oppmerksam på at søknaden ikkje kan sendast inn før etter at fristen for merknader til nabovarselet er gått ut.

Saksbehandlingstida vil variere avhengig av kva slags sak du sender inn, men i ein del saker har kommunen ein lovfesta frist for saksbehandling. Desse fristane er omtala i Plan og bygningsloven §§ 21-7 til 21-10 og i Forskrift for byggesaksbehandling §§ 7-1 til 7-4.

Du bør ringe og avtale tid dersom du ynskjer møte med saksbehandlar eller ynskjer førehandskonferanse. Til møtet bør du ha eit skisseforslag. Ved førehandskonferanse møter tiltakshavar/ansvarleg søkjar.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk