Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kart og oppmåling

Deling av grunneigedom

Søkjar (heimelshavar/grunneigar) sender rekvisisjon av kartforretning, situasjonsplan og nabovarsel til Fyresdal kommune. Skjema og naboliste får du på kommunehuset.

Kommunen/plankontoret vurderar korleis saka skal handsamast vidare. Gjeld søknaden i LNF-området (Landbruk-, Natur- og Friluftsområde) gjeng den vidare til rådgjevar landbruk for tilråding. Grunneigar må her betale eit gebyr. Ligg det føre søknad om dispensasjon frå Plan- og bygningsloven, skal søknaden handsamast av formannskapet. Konsesjonsaker behandlast av landbrukskontoret.

Når søknaden har vore gjennom dei nødvendige instansar og vedtak fatta, går saka vidare til oppmålingsingeniøren til kartforretning og oppmåling.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk