Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Personvern

Den nye personopplysningsloven trådte i kraft 20. juli 2018. 

Den nye loven er basert på EUs personvernforordning (GDPR) av 4. mai 2016. 


Forordning

Ei forordning er ei EU-rettsakt, altså ei slags EU-lov. Ei forordning er, i motsetning til eit direktiv, direkte anvendelig i medlemsstatane. Det betyr at EU-forordningar gjeld i medlemslanda på lik linje med landets eigne lover og at EU-borgarar ervervar rettar og påleggast plikter som følgje av forordningar. Ei forordning får lovs kraft i medlemslanda utan å måtte vedtakast av det enkelte land. 

Norsk rett

Innhaldet i fleire forordningar har blitt norsk rett på grunn av EØS-avtalen. 

Kva er nytt?

Den nye personopplysningsloven endrar og skjerper pliktene til handtering av personopplysningar i både offentleg og privat sektor, og borgarane får eit styrka personvern. Loven gjeld alle som opererer i EU og EØS-området eller som tilbyr varer eller tenester.

Regelverket skal sikre og styrke folks kontroll over eigne personopplysningar. Ein kan krevje å få utlevert personopplysningar om seg, og å få vite korleis og til kva personopplysningane blir brukt. 

Personvernombod

Det er nå krav om at alle kommunar har eit såkalla personvernombod. Eit personvernombod skal gje råd om korleis den behandlingsansvarlege best mogleg kan ivareta personverninteressene. Personvernombod i Fyresdal kommune er Svånaug Dyrland Valseth.

Tilsynsansvar og klageinstans

Det er Datatilsynet som har tilsynsansvar, og som vil vere klageinstans.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk