Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Fyresdal legekontor

Sist endret: 02.02.2017Kontaktavdeling: Helse

Legekontoret held til i helsehuset.

Ekspedisjonstid

Kl. 08.30-11.30 og kl. 12.30-15.30.

Open time

Open time er mellom kl. 08.30 og kl. 09.00. Denne timen er for akutte plager som har oppstått eller forverra seg det siste døgnet. Sjukdomshistorie som er eldre enn ei veke må du bestille time til. Frammøte før kl. 09.00 - meld deg i ekspedisjonen.

Telefontid lege

Legen ringer tilbake i løpet av arbeidsdagen eventuelt neste dag. Ver tilgjengeleg ved telefonen. NB! Alt av sjukemeldingar/forlengingar, diverse henvisningar, til dømes til fysioterapeut, krev legetime, dette kan ikkje avtalast på telefon.

Medisinbestilling

Sjekk alltid med apoteket om du har att medisin der på resept før du ringer legekontoret for å bestille nye. Viss du vil ha medisinen sendt til Spar, Nærbutikken Heggland eller med post, må du sei ifrå når du ringer legekontoret og du slepp å ringe apoteket.

Medisinbestillingar, timeavtaler o.a. må ordnast i ekspedisjonstida. Det er ynskjeleg at du bestiller den medisinen du treng i god tid, da postgang kan ta litt tid. Dei som ynskjer å hente medisin på Spar Fyresdal eller Heggland daglegvare må seie ifrå om det.

Elektronisk resept

Legen sender resepten elektronisk til ein sentral database. Du kan hente ut medisin på alle apotek som har innført e-resept. Når du ringer til legekontoret og bestiller resepten, må du i tillegg ringe til Kviteseid apotek dagen etter og seie ifrå om kor du vil ha medisinen sendt til. Sjekk alltid med apoteket om du har att medisin der på resept før du ringer legekontoret for å bestille nye. Telefonnummeret til Apotek 1 Kviteseid er 35 06 88 80.

Transport til sjukehus og spesialistar

Når du ikkje kan nytte rutegåande transport eller køyre eigen bil, kontakt køyrekontoret på telefon 05515.

Fritt behandlingsvalg

Fra 01.11.2015 vart fritt sykehusvalg erstatta og utvida med fritt behandlingsvalg. Sjå helsenorge.no for meir informasjon.

Legevakt

Nasjonalt legevaktnummer: 116117

Ved behov for øyeblikkeleg hjelp: 113

Kontakt Fyresdal legekontor

Telefon 35 06 73 00

Besøksadresse

Fyresdal legekontor
Landstadvegen 35
3870 Fyresdal

Postadresse

Fyresdal legekontor
Klokkarhamaren 6
3870 Fyresdal

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk