Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Jordmor

Sist endret: 02.02.2017Kontaktavdeling: Helse

Jordmor i Fyresdal heiter Ågot Takle. Ho held til på helsehuset i Landstadvegen 35.

Frå 01.07.2015 gjekk Fyresdal kommune inn i Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark. Dette er eit samhandlingsprosjekt med Sjukehuset Telemark og dette gjev døgnkontinuerleg jordmorteneste; vakttelefon 35 02 16 24.

Skulle du av ein eller annan grunn ikkje få kontakt, kan du ringe sentralbordet ved Sjukehuset Telemark på 35 00 34 00 eller direkte til fødeavdelinga på 35 00 47 64.

Kommunejordmor vil vere tilgjengeleg ein dag i veka på avdeling Helse. All kontakt utanom denne tida skal gå direkte til vaktsamarbeidet der det er 24 timars vaktteneste. Vår jordmor har også vakt der.

Om de ynskjer kontakt med jordmor ringer de legekontoret på 35 06 73 00, og jordmor gjer så avtaler med dykk framover.

Sjølve svangerskapskontrollane inneheld undersøkingar som:

- Blodtrykk
- Ymse blodprøver
- Lytte til barnet sin fosterlyd
- Måle korleis barnet veks i magen
- Urinprøver
- Måling av vekt

Jordmor hendvisar til ultralyd, gynekolog og fødepoliklinikk om det er behov for dette. Du får god informasjon om dei aktuelle fødestadane i Skien. Det er høve til å få tid for omvising båe plassar ved 36 svangerskapsveke. Du har og fritt sjukehusval ved fødsel, du kan føde der du ynskjer, men fylgjetenesta til fødeavdelinga er kun til Skien og Arendal. Når fødselen er i gang kontaktar du jordmor som då ordnar med alt vidare. Jordmorvakta bestiller ambulanse også for dei som vel å føde i Arendal.

Tilbodet er gratis.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk