Nødetatar og legevakt
Ambulanse: 113
Brann: 110
Politi: 112
Legevakt: 116117
Meld ifrå om ulykker eller katastrofer
Alle ulykker eller katastrofer skal meldast til rådmann Ketil O. Kiland på tlf. 970 78 500, eventuelt via Fyresdal pleie- og omsorgssenter på telefon 35 06 71 67.
Psykososialt kriseteam
Ved behov for å kontakte psykososialt kriseteam, ta kontakt med Fyresdal pleie- og omsorgssenter på telefon 35 06 71 67.
Jodtablettar ved atomulykker
Kvifor, når og kven?
Er du under 40 år, gravid, ammande eller har heimebuande barn? Då råder vi deg til å ha jodtablettar heime. Tablettane kan gi vern mot radioaktivt jod ved atomulykker. Tablettane skal berre takast etter råd frå myndigheitene.
Straumutfall og manglande telefon- og mobildekning i Fyresdal kommune
Dersom heile Fyresdal kommune skulle oppleve strømutfall og samtidig vere utan telefon- og mobildekning, og du til dømes har behov for å komme i kontakt med nødetatane, kan du møte opp ved Fyresdal pleie- og omsorgssenter på Prærien 23 for å bli satt i vidare kontakt med aktuell etat.