Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Årlege påminningar kyrkjegardane

Rydding

Gravlykter og andre lause dekorgjenstandar skal i restavfallet. Blomar og grasavfall skal leggjast i kompostdunkane/bingane. Dersom de sjølve ynskjer å rydde vekk visna kransar og blomar på ei ny grav, så må de gje melding om dette til kyrkjekontoret. Høyrer vi ikkje noko, vert alt rydda vekk av kyrkjetenaren etter 2-3 veker.

Bed/innramming

Plantebed kan vere så breie som gravminnet og gå 60 cm fram, målt frå bakkant av gravminnet. Det er høve til å så til med gras rundt heile gravminnet. Etter avtale kan kyrkjetenaren gjere dette.

Gravminne

Nye gravminne skal godkjennast av kyrkjegardsadministrasjonen. Kyrkjekontoret har framleis ståande nokre gamle steinar til gjenbruk. Elles formidlar òg kyrkjekontoret gravsteinar frå Evje Steinindustri. Det er fint om de som har ansvar for dei ulike gravstadane undersøkjer korleis det står til i høve til gravsteinen, og om han treng å rettast på, evt. lyftast høgare. Tak kontakt dersom det er noko de lurar på, eller gjerne vil ha hjelp til.

Gravfond (betalt gravstell)

Det er høve til å inngå avtaler med Fyresdal sokneråd om oppretting av gravfond (betalt gravstell), tidlegare kalla gravlegat. Per i dag er prisen på ei slik avtale kr. 1 050,- per år. I prisen ligg det utplanting, luking og vatning gjennom sesongen. Fyresdal sokneråd leiger Åse Breiland til stell av graver. Dersom du ynskjer å nytte deg av tilbodet kan du ta kontakt med kyrkjekontoret eller direkte med Åse på tlf.nr.924 85 954.

Ved dødsfall

Pårørande/byrå tek kontakt med prest eller kyrkjeverje. Kyrkjekontoret gjev orientering og assistanse i den grad det er ynskjeleg (einskilde ynskjer å bruke gravferdsbyrå). Det meste av det som har med gravferd og kyrkjegarden å gjere, vert regulert av Gravferdslova medforskrifter og lokale kyrkjegardsvedtekter.

Kyrkjegardsvedtektene heng òg som oppslag ved dei ulike kyrkjegardane.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk