Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Gravstell

Gravstell på Moland og Veum kyrkjegard

Dette er eit tilbod til dei som av ulike årsakar ikkje har høve til å stelle gravene sjølve. Eg tek på meg å stelle graver gjennom sommarsesongen. Vanleg sommarstell startar med klargjering om våren med gjødsling og jordforbetring om nødvendig.

I byrjinga av juni vert det planta sommarblomar. Kva for blomar som vert planta vil variere noko. Gjennom sommaren blir det vatna, luka og plukka visne blomar når det trengst.

Etter sesongen blir det rydda i bedet og lagt på granbar til allehelgenssøndag, som er den fyrste søndagen i november. I tillegg er det mogleg å bestille lyng om hausten og krans til jol.

Tak kontakt med kyrkjekontoret eller direkte med meg i høve til prisar.

Åse Breiland
Sivilagronom hagebruk
Org.nr. 981 662 954
Tlf. 924 85 094

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk