Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Hamaren Aktivitetspark

Velkomen til Hamaren Aktivitetspark!

Her i Hamaren er det høve til mange ulike aktivitetar, og vi håpar at flest mogleg vil trivast i dette flotte friluftsområdet.

Universell turveg

Utgangspunktet for den universelle turvegen er på nordsida av Gimle skule. Vegen går nordover mot Grunnviksbukta, før den svingar attende og fylgjer vasskanten
sørover med flott utsikt ut over Fyresvatn. Vidare gjeng ein sørover langs vasskanten, ca. 500 meter, før ein kjem inn på ei trebru konstruert som ei tømmerrenne til minne om fløytingstida i Fyresdal. Vegen går så vidare på ei spektakulær gangbru rundt Hamarens sørlegaste punkt, før den igjen går over i ei tømmerrenne i retning Munkhola. Herifrå kan ein velje om ein vil gå i retning Sauekro mot Teisner Kafé og Bryggjeparken, eller om ein vil gå nordover forbi Klokkargarden og attende til utgangspunktet. Langs vegen vil ein finne bord og benkar tilrettelagt for ein hyggeleg rast. Heile turvegen er universelt utforma og passar for alle brukargrupper.
Total lengde ca. 2,4 km. Terreng: Lett. Gangtid ca. 45 minutt. I tillegg til rundløypa er det mange stiar på kryss og tvers i Hamaren. Turvegen til Klokkarhamaren, den høgaste toppen i Hamaren (343 moh), er grusa. Dei mest bruka stiane er skilta og merka av på kartet. 

Rasteplassar 

Undervegs kan du nyte nista eller lage din eigen mat i grillhytta eller i utekjøkkenet. Nyklar til grillhytta kan lånast på sentralbordet til Fyresdal kommune. Du kan og bruke bålplassen på toppen, Klokkarhamaren. Hugs å ta med ved. Elles er det fleire fine plassar å stoppe for å ta ein rast og ete niste, eller berre kvile og nyte utsikten. 

Sykkelløype 

Midt i hjartet av Hamaren ligg ei flott sykkelløype bygd av Bike Solutions frå Frankrike. Løypa er retningsstyrt, du syklar opp ein veg og ned ein annan. Løypa er skilta og det er viktig at alle fylgjer skiltinga. Løypa passar for alle og er gradert som ei blå løype. Frå den blå løypa går det ein avstikkar som er gradert som raud løype.
Dette er ein nedfart som er for dei med litt meir erfaring. Løypa er bygd av elevar på Gimle skule etter instruksjon frå Bike Solutions. På toppen av sykkelløypa har elevane laga benkar og bord for ein rast.

Natursti

Her i parken kan du lære meir om lokalt dyre- og planteliv, treslag, historie og eventyr gjennom flotte naturstiskilt. Skilta er tilpassa barnehageborn og småskuleelevar, men alle og ein kvar kan lære litt av dei. Plasseringa er på stader som passer til tema, nokre nær turvegen, andre eit stykke ifrå. Kartet viser kvar dei ulike står. Langs turvegen og stiane finn du små piler som viser deg vegen. Skilta er laga av elevar ved Gimle skule og omfattar desse tema:

1. Bukkane Bruse

2. Sumpområde
3. Fiskane i Fyresvatn
4. Munkhola
5. Insektshotell
6. Bever
7. Skogen i Fyresdal
8. Hakkespett
9. Maur
10. Treslag
11. Elg
12. Istid

Skiløype

Delar av turvegen vert oppkøyrd som skiløype når snotilhøve tillet det. Skiløypetraseen er merka på kartet og er ei rundløype på ca. 1,5 km (totalt 1,7).

Her kan du sjå kart over Hamaren Aktivitetspark

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk