Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kontigentkasse

Fyresdal kommune har ei ny tilskotsordning kalla Kontingentkassa. 

Ordninga er eit tiltak mot barnefattigdom.

Søknadar handsamast etter kvart som dei kjem inn (ingen søknadsfrist) og midlane delast ut til kassa er tom. Ordninga administrerast av avdeling skule og kultur, kontaktperson er Hilde Martini Momrak.

For kven: 

Barn og unge i alderen 6 år til dei er ferdige med vidaregåande skule, som kjem frå familiar med låg inntekt.

Kva gjevast det stønad til: 

Kontingentar, aktiviteter og utstyr til enkeltpersonar slik at barn og unge i familiar med låg inntekt kan delta på organiserte fritidsaktivitetar.

Kor mykje: 

Inntil kroner 3.000,- i tilskot per person per år som ein eingongsstønad. I særskilte tilfelle kan det gjevast ytterlegare stønad til t.d. deltaking i lag, turneringar, cupar og leirar. 

Kven kan søkje (på vegne av barnet): 

Det er bare laget/organisasjonen (idrettslaget, korpset, koret, lokallaget etc.) som kan sende søknaden til kommunen etter vurdering av behov for søknad. Ressurspersonar som arbeider i kommunen, til dømes helsesjukepleiar, miljøterapeut, barnevernstenesta m.m. kan også søkje. Barnet eller familien kan ikkje sjølv søkje.

Krav til søkjar:

Den som søkjer har ansvar for å fylgje opp at barnet/ungdomen deltar i aktiviteten det er søkt stønad til. Det betyr at den som søkjer skal hjelpe barnet til å hugse på/kome seg til aktiviteten i starten, ikkje at den vaksne må fylgje barnet på alle aktivitetane. Oppfylginga kan og vere å sjekke at kontingenten er betalt eller liknande. 

Det er den som søkjer som må vurdere om familien er i ein slik situasjon at eit bidrag frå kontingentkassa vil vere avgjerande for om barnet kan delta på ein aktivitet eller ikkje. (Kontingentkassa er ikkje meint å vere eit handslag til lag og organisasjonar som har trøbbel med å inndrive kontingent). Det er barnet sitt eller familien sin situasjon som er avgjerande. 

Krav til søknaden: 

Ver nøye med å fylle ut heile søknadsskjemaet, og hugs å leggje ved eventuelle fakturaer, kvitteringer eller liknande, dersom det er mogleg.

Spørsmål om ordninga: 

Ta kontakt med Hilde Martini Momrak på hilde.momrak@fyresdal.kommune.no, 35 06 71 29 eller 952 70 905.

Søknadsskjema Kontigentkasse

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk