Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Fyresdal kulturkontor

Sist endret: 30.01.2017Kontaktavdeling: Kultur

Kultur - opnar og lyftar sinnet, gjev livsglede og eigenverdi

Kunsten, kulturen og fritidstilboda i Fyresdal kommune skal vere til nytte, glede og inspirasjon for innbyggjarar, hyttefolk, turistar og andre tilreisande.

I sektor for kultur og oppvekst har kulturavdelinga fylgjande mål:

- Kultur, kommunikasjon og sosial kompetanse er sentralt.
- Alle får høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk.
- God kvalitet på tilbod i barnehage, SFO og kulturskule.
- Vi stimulerer til høg aktivitet i lag og organisasjonar.
- Fokus på rusførebyggande arbeid.
- Arbeide for god implementering av folkehelseprosjektet.

Kulturavdelinga skal arbeide etter fylgjande fagmål:

- Utvikle og gjennomføre kulturarrangement og gjere kulturminne tilgjengelege for publikum.
- Oppretthalde godt samarbeid med lokale lag og organisasjonar. 
- Oppretthalde kulturskuletilbodet på dagens nivå. 
- Oppretthalde fritidstilbodet for born og unge på dagens nivå. 
- Legge til rette for jamlege kulturelle arrangement for born, unge og vaksne. 
- Biblioteket skal vere eit sosialt møtepunkt, prioritere tilbod til born og unge, med særskild fokus på sosial samhandling og tiltak for å auke leseglede. 
- Arbeide for god integrering av tilflyttarar. 

Årsverka i kulturavdelinga er fordela på tiltak for barn og unge, kulturskulen og bibliotek.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk