Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Retningslinjer for tildeling av kulturmidlar

Retningslinjer for tildeling av kulturmidlar
Vedtekne 23.11.2017 av hovudutvalet for oppvekst, kultur og omsorg

1. Generelle reglar

1.1. Desse tilskotsordningane skal dekkje Fyresdal kommune sine samla ansvarsområde innan kulturfeltet.

1.2. Det vert ikkje gjeve tilskot til organisasjonar/lag eller tiltak som primært ivaretek økonomiske interesser.

1.3. Løypelag som allereie får tilskot til oppkøyring av løyper frå kommunen får ikkje tilskot frå kulturmidlane, med mindre laget er organisert som eit idrettslag.

1.4. Tilskot til organisasjonar/lag vert berre utbetalt til registrerte bankkonto.

2. Driftstilskot til lag og organisasjonar – årleg tildeling av kulturmidlar etter søknad

2.1. Driftstilskot kan berre gjevast til organisasjonar/lag som fyller fylgjande vilkår:

a) Lag/organisasjonar og tiltak det vert søkt tilskot til, må ha direkte tilknyting til Fyresdal kommune eller ha medlemer frå Fyresdal, eller gje eit tilbod som ikkje finst i kommunen. 

b) Organisasjonen må ha ope medlemskap.

2.2. Driftstilskotet er meint som eit bidrag til organisasjonen/laget si daglege verksemd som omfattar fylgjande:

a) Husleige, straum, grunnleige, reparasjonar.

b) Drift og vedlikehald av anlegg.

c) Innkjøp og vedlikehald av utstyr.

2.3. Drift av organisasjonsarbeid:

a) Trening, instruksjon ( opplæring av eigne medlemer, kurs osv.).

b) Deltaking i stemne og konkurranse, NM og landsstemne.

c) Mindre arrangement og aktivitetar

2.4. Tilskot til grendelag og grendehus går etter same prinsipp som pkt. 2.1. og 2.2.

2.5. Søknaden skal sendast elektronisk eller på papir, som er tilgjengeleg:

På heimesida til kommunen.

I kommuneinformasjonen.

Kan hentast på kulturavdelinga/sentralbordet.

Krav til søknaden:

2.6 Søknadsfrist 15. mars kvart år.

Søknaden skal innehalde: 

Utfylt søknadsskjema med søknadssum.

Revidert rekneskap frå førre år.

Budsjett for søknadsåret.

Årsmelding.

Målsettingar og handlingsplan.

2.7 Tiltak for born og unge skal bli prioritert.

2.8 Ved tildelinga vil talet på medlemer under 19 år blir prioritert.

2.9 Søknadane må vere levert innan 15. mars, og ha med alle vedlegg for å bli handsama.

2.10 Handsama søknadar blir lagt fram for utvalet for oppvekst, kultur og omsorg (OKO) i mai kvart år.

3. Tilskot til særskilte oppgåver og tiltak

3.1. Tilskot kan gjevast til stimulering av andre oppgåver og tiltak som gagnar det lokale kulturarbeidet i Fyresdal kommune, årleg ramme pr. 2017 er kr. 40.000,-.

3.2. Søknaden skal sendast i eige brev, og kan sendast heile året.

3.3. Søknaden må innehalde utgreiing om tiltaket, kostnadsoverslag og finansieringsplan.

3.4 Søknadar under kr. 10.000,- vert handsama administrativt på avdeling for kultur, og referert i utvalet for oppvekst, kultur og omsorg (OKO). Søknadar over kr. 10.000,- vert handsama i utvalet for oppvekst, kultur og omsorg (OKO), jfr. delegeringsreglementet.

4. Faste tilskot

Andre faste tilskot blir kvar år handsama slik:

Vest-Telemark Museum, konsolideringsavtale, betalast ut etter avtale.

Idrettsstipend, vedtatt av utvalet for oppvekst, kultur og omsorg (OKO) , delast ut 17. mai.

Kulturprisen, vedtatt av utvalet for oppvekst, kultur og omsorg (OKO), delast ut 17. mai.

Tilskot til 17. mai-komiteen, betalast ut etter avtale.

Tilskot til Fyresdal Skiskyttarlag for oppkøyring av løyper på Skiskytterarenaen på Veum, jfr. K-sak 9/15.

5. Tillegg som del av kriteriegrunnlaget for kommunale tilskot til idrettslaga

1. Søknader om å få dekt kostnader som idrettslaga eller dei enkelte utøvarane har til treningssamlingar, konkuransedagar, reiser, kursdagar og liknande, vil kommunen ikkje take opp som einskildsaker. Tildeling av kulturmidlar kvart år vert eit generelt tilskot som klubbane disponerer, også til slike aktivitetar.

2. Berre i heilt spesielle tilfelle – t.d. når ein utøvar har teke medalje i eit Norgesmeisterskap – vil det bli vurdert å yte særskild oppmuntring.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk