Sist endret: 05.11.2015Kontaktavdeling:
Fyresdal kulturskule stimulerer til læring og godt fagleg nivå gjennom varierte arbeidsmåtar og god fagleg kompetanse i personalet. Kulturskulen skal vere ein god aktivitet for elevane, der kreativitet og skaparevne står i fokus.
Kulturskulen er eit musikk- og kulturfagleg tilbod, og fungerar som eit lokalt ressurssenter innan faga. Vi samarbeider med skule og barnehage.
Vi praktiserar løpande opptak, så lenge det er ledige plassar. Vi prioriterar elevar innan alderen 6-18 år, og eit individuelt tilbod til kvar elev.
Ein kan leige instrument for kr. 200,- per halvår. Dette vert fakturert 2 gonger i året.
Vi har fylgjande tilbod i Fyresdal kulturskule:
Individuell undervisning innan musikk:
Akustisk og elektrisk gitar, bass, piano, band, keyboard og vokal.
Gruppeopplæring:
Dans, kunst og handverk, band, slagverk, song, gitar og ukulele i smågrupper.