Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Lokale idretts- og treningstilbod

Sist endret: 30.01.2017Kontaktavdeling: Kultur

I Fyresdal har vi mange treningstilbod, både innanfor og utanfor idrettslaget. Her er nokre døme.

Aktivitetspark

Aktivitetsparken på austsida av Spar i sentrum er open for alle, men er spesielt tilrettelagt til utandørs trening for vaksne.

Skiløyper

I Fyresdal finst det milevis med skiløyper. Løypene har ulik vanskegrad og mange av dei blir køyrde kvar helg i vinterhalvåret med atterhald om vêr og snøtilhøve.

Styrketrening

Styrkeromet ligg i 3. etasjen i gymsalen (inngang fotballgarderobar) og er der for alle som har lyst til å trene, men ikkje under 10. trinn. Ta kontakt for informasjon om nyklar og pris.

Toppturar

Fyresdal tilbyr eit stort utval av vandreløyper gjennom skogane, opp på fjelltoppane og innover heia. Eit stort nettverk av merka stigar med ulik vanskegrad gjer at det finst spanande val for dei fleste som ønskjer å kome seg ut på tur.

Trim for pensjonistar

Trening med fysioterapeut på fysioterapiavdelinga på tysdagar. Lett styrke-, rørsle- og balansetrening, ståande og sittande.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk