Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Fyresdal musikkbinge

Sist endret: 05.11.2015Kontaktavdeling: Kultur

Fyresdal musikkbinge er plassert ved samfunnshuset.

Musikkbingen er til utlån til alle som ynskjer å spele saman, eller øve.

Ein kan reservere tid og få nøkkel til musikkbingen på sentralbordet eller hjå Svein på klubben.

På onsdag og fredag er musikkbingen reservert klubben, då avtalar brukarane tid og får nøkkel av dei som jobbar på klubben.

Musikkbingen inneheld følgjande utstyr:

Fullt lydanlegg, bass- og gitarforstarkar, slagverk, elektrisk piano, mikrofonar og stativ.

Fyresdal ungdomsråd har kjøpt inn ein elektrisk bass og gitar.

Velkomen som brukar av Fyresdal musikkbinge!

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk