Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Fyresdal samfunnshus

Sist endret: 30.01.2017Kontaktavdeling: Kultur
Samfunnshuset er eit fleirbrukshus i Fyresdal sentrum. Huset har storsal, veslesal, diskotek og kjøkken. I bygget finn du også biblioteket. Huset er mykje nytta - ein må i regelen tinge plass i god tid.

Brukartid på samfunnshuset - faste tingingar - har desse fristane:

For hausten: 15. mai.
For våren: 15. november.

Ynskje leverast skriftleg til Fyresdal kommune, Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal eller postmottak@fyresdal.kommune.no.

Dersom ein ynskjer å tinge samfunnshuset på ledige dagar, leige utstyr som stolar og bord eller lyd- og ljosutstyr, ta kontakt med Svein Slyngstad på 992 25 709 eller sentralbordet på kommunehuset på 35 06 71 00.

Leigetakarar for faste tingingar skal få utdelt reglar for bruk av samfunnshus og branninstruks, når tildeling og leigetilhøve med klubbleiar er avtala.

Alle andre leigetakarar får utdelt reglar og branninstruks ved utlevering av nykel.

Besøksadresse

Fyresdalsvegen 2233
3870 Fyresdal

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk