Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Instruks vakter

1. Det skal oppnemnast ein vaktleiar som er ansvarlig for vaktlaget. 

2. Vaktene pliktar å gjere seg kjende med bygninga og dei reglar som gjeld for bygget. Dei skal også gjere seg kjende med utgangar og nødutgangar, og kvar brannslangar/apparat er plassert og korleis det skal brukast. 

3. Vaktleiaren skal kalle saman dei andre vaktene i god tid før tilstellinga tek til, og gje vidare til vaktene dei opplysningar vedkommande har fått sjølv. 

4. Vaktene skal ha tilgang til telefon. 

5. Vaktene må kontrollere at det ikkje vert parkert bilar så nær bygninga at dei hindrar brannvernet å komme til, og at dei gjer det vanskelig å røme bygninga. 

6. Dersom det oppstår brann skal vaktene roe ned publikum, og sjå til at røming av lokala går føre seg i ro og orden. Dei må vere særskilt merksam på funksjonshemma.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk