Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Reglar for bruk av samfunnshuset

1. All bruk av samfunnshuset skal avtalast med sentralbordet på kommunehuset, eller ungdoms- og fritidsleiaren, på førehand. Ein kan leige storsalen og veslesalen. Sei ifrå når du tingar huset om du ynskjer å nytte kjøkkenet.

2. Leige av scene og/eller lydanlegg, må avtalast spesielt med klubbleiar eller kulturskulerektor.

3. Leigetakar plikter å sette seg inn i dei til ei kvar tid gjeldande reglar. Den som tingar huset står ansvarleg, og er erstatningspliktig om noko vert øydelagt. Dersom reglane ikkje vert fylgde og dette fører med seg meirarbeid for kommunen vil rekning bli sendt til leigetakar.

4. Nyklar og reglar for bruk av huset, vert utlevert på sentralbordet. Nyklane skal leverast attande så fort som råd etter at arrangementet er avslutta.

5. Alle som nyttar huset skal rydde etter seg: 

    a. Set alt utstyr tilbake på rett plass etter bruk. 

    b. Bord og benkar skal tørkast av, og golvet skal feiast. 

    c. Fyresdal kommune har ansvaret for det daglege reinhaldet, men bruken av huset er ofte tett, både på dag- og kveldstid. Det er viktig at alle som kjem og skal nytte huset slepp å gjere noko i forkant. Dersom du skal leige huset helgedagar, er det viktig å vite at golv og toalett ikkje er vaska etter klubb på fredag kveld.

6. Søppel skal samlast i søppelsekkar å settast i ”søppelhuset” på baksida av samfunnshuset. Nykel til søppelhuset heng på bøttekottet. Hugs å sett i nye søppelposar! 

Før ein forlet huset er det viktig å gå ein runde å sjekke at alle vindauge og dører er lukka og låst.

7. Ved leige av kjøkkenet er det viktig at de: 

    a. Held orden, og set alt de brukar på plass i rett hylle/skuff. 

    b. Tømmer søppel, og set i nye søppelposar. 

    c. Legg skitne klutar i byttene inne på byttekottet 

    d. Tar med dykk, eller kastar ALLE matrestar!!! Kjøleskåpet skal vere tomt. Berre ungdomsklubben skal ha ting lagra her. 

    e. Tømmer vaskemaskina for vatn og spyler ristene.(sjå eiga bruksanvising for maskina) og vaskar vasken/reinskar alle silane.

8. Elles gjeld fylgjande: 

    a. Veslesalen skal ikkje nyttast til trening. Ved balltrening i storsalen må ein nytte innefotball. Utesko eller sko med svarte solar skal ikkje nyttast i storsalen. 

    b. Lageret i storsalen skal vere ryddig. Sjå eigen plansje på lageret for korleis utstyret skal plasserast. 

    c. For klatreveggen gjeld eigne reglar. Det er strengt forbode å klatre utanom organisert aktivitet.

9. Det er forbode å røyke i samfunnshuset.(jf §6 i lov om vern mot tobakksskadar.)

10. Samfunnshuset skal ikkje leigast ut til handelsverksemder som direkte konkurrerer med dei lokale forretningane.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk