Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Skålid - Øyuvsvatn

I Fjellgardane i Fyresdal finn vi fine skiløyper, oppkøyrde med snoskuter. Her er ein stutt runde på ca. 8 km. som vert køyrd opp kvar helg, og ein lengre runde på ca. 20 km, som vert køyrd opp av og til. 

Korleis kjem eg dit? 

Fylg riksveg 355 ca. 12 km frå Fyresdal sentrum, retning nord. Tak av hovudvegen på Veum, mot Fjellgardane. Fylg denne vegen til krysset ved Skålid, ca. 12 km. Tak til venstre, brøyta veg ca. 2 km, til parkeringsplass like nedanfor garden Skålid. Parkeringsavgift kr. 30,- per bil. Løypa startar ved parkeringsplassen og fylgjer vegen innover i slakt terreng mot Nordbøtjønna. Stigning ca. 100 meter mellom Nordbøtjønna og Øyuvsvatn. 

Skildring stutt runde 

Frå parkeringsplass på Skålid: ca. 8 km. Frå Skålid forbi Nordbøtjønna opp til Øyuvsvatn ein liten rundtur og attende same vegen. 

Skildring lang runde 

Frå parkeringsplass på Skålid: ca. 20 km. Frå Skålid forbi Nordbøtjønna, over Øyuvsvatn til Reinmostjønn, rundt Orrnesnut og attende same veg. NB! Denne ekstra runden er dessverre ikkje merka av på kartet men av og til køyrd med skuter. Det er òg mogleg å gå ein tur til Gruvenutane. Tak til høgre ved Nordbøtjønna, skilta mot Øysteinsfjell, ca. 3-4 km frå parkering Skålid.

Her finn du løypekart

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk