Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Skvettedamsvegen

Det er oppkøyrde løyper frå Skvettedammen og over til Litjønnvegen. Sjå Skvettedammen løypelag på Facebook for meir informasjon.

Korleis kjem eg dit? 

Fylg riksveg 355 ca. 9 km frå Fyresdal sentrum, retning sør. Parkering langs riksveg 355, ca. 150 m. før vegskilet til Fjone. Her er brøyta parkeringsplass for 5-6 bilar. Ein kan også køyre opp til Lie, 2-3 parkeringsplassar og gå opp Litjønnvegen. 

Skildring 

Fylg Skvettedammsvegen til enden av vegen ca. 4,8 km ein veg. Lett stigning oppover. På toppen flott, lett løype i småkupert skogsterreng. Det er også køyrd opp ei flott løype rundt Kanetjønn, vegen delar seg ved ei lita raud hytte. Midt på Kanetjønn kan ein også gå over til Våkås og komme igjen ved Midtdammen på Skvettedamsvegen. Då blir det ei endå flottare oppleving å gå her. Skvettedamsvegen kan vere ein flott kveldstur med hovudlykt og eventyrlyst.

Her finn du løypekart

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk